Hei!

Foto har vore ein del av livet mitt sidan 2007 og over åra har det utvikla seg frå ein lidenskap til ein profesjon. Det starta med foto, men har over åra utvikla seg til ein brei kompetanse innan innhaldsproduksjon, prosjektleiing og visuell kommunikasjon.

Eg har ein bachelor i Media, IKT og Design frå Høgskulen i Volda, med studieretning mediedesign. Vidare er eg utdanna dokumentarfotograf og har vidareutdanning i moderne prosjektleiing frå Emergence School of Leadership. Gjennom karrieren har eg jobba som marknadsansvarleg og prosjektleiar i produksjonsselskap, journalist i lokalavisa, og dagleg leiar i idrettslag med økonomi, strategi og kommunikasjon på bordet til ei kvar tid.

Det gjer meg til ein sparringpartnar som forstår heilskapen og ein leverandør som får ting gjort, frå den første ideen til ferdig innhald som faktisk fungerer i praksis.

Eg er strukturert, løysingsorientert og genuint oppteken av at det vi lagar saman skal sjå bra ut og treffe rett. Held til på Sunnmøre, jobbar over heile landet.

Ta kontakt – så finn vi ut korleis eg kan hjelpe deg.

E-post: post@nicokarlsen.no
Telefon: +47 90 97 97 14

Besøksadresse:
Næringsfabrikken,
Sykkylvsvegen 125
6230 Sykkylven

Black and white portrait of a man with dark hair and a beard, smiling, wearing a zip-up sweater, standing in front of a dark curtain background.

Nicolai Karlsen
Innhaldsprodusent / Fotograf / Prosjektleiar