Tenester som gjer marknadsarbeidet enklare

Foto, video, innhald og marknadsføring for bedrifter som vil vere tydelegare, meir synlege og betre på gjennomføring.

Innhald som byggjer synlegheit, tillit
og eit tydeleg uttrykk.

Eg hjelper bedrifter med å utvikle og produsere innhald som fungerer i praksis, enten det er til nettstad, sosiale medium, kampanjar eller anna marknadsmateriell. Målet er å skape innhald som både ser bra ut, kommuniserer tydeleg og er tilpassa målgruppa.

Dette kan til dømes vere:

• tekst til nettside, kampanjar og presentasjonar

• idéutvikling, konsept og innhaldsplanlegging

• bodskap og vinkling tilpassa målgruppe og kanal

• innhald som løftar fram historia, folka og verdien bak bedrifta

• kampanjeinnhald og publiseringsplanar

• struktur og gjennomføring frå idé til ferdig publisering

INNHALDSPRODUKSJON

FOTO & VIDEO

Visuelt innhald med eit ekte, profesjonelt og gjennomført uttrykk.

Eg lagar foto og video som viser fram menneska, arbeidet og historia bak bedrifta dykkar. Det kan vere alt frå portrett og miljøbilete til reels, korte videoar og innhald til nettstad eller kampanjar. Målet er å skape materiell de faktisk får brukt, og som styrkar korleis bedrifta blir oppfatta.

Dette kan til dømes vere:

• portrett, miljøbilete og arbeidsprosessar

• reels og korte filmar til sosiale medium

• foto og video til nettside og kampanjar

• produktfoto og innhald frå kvardagen i bedrifta

• kundecasar og behind the scenes-innhald

• filming, redigering og ferdig tilpassa leveranse

EKSTERN MARKNADSRESSURS

Fleksibel støtte til
marknadsarbeidet dykkar.

Mange bedrifter har behov for meir struktur, framdrift og gjennomføring i marknadsarbeidet, utan at det nødvendigvis er behov for å tilsette nokon fast. Eg kan gå inn som ei ekstern marknadsressurs og bidra både med planlegging, produksjon, koordinering og oppfølging som er tilpassa tilpassa behova og kapasiteten dykkar.

Dette passar godt for bedrifter som:

  • treng jamn aktivitet

  • ønskjer meir struktur

  • manglar tid eller intern kapasitet

  • vil ha hjelp utan å tilsette

  • Enkeltoppdrag

  • Produksjonsdagar

  • Innhaldspakkar

  • Fast marknadsstøtte kvar månad

  • Prosjektbasert samarbeid over tid

Slik kan vi samarbeide:

  • Portrett og miljøbilete

  • Reels og korte videoar

  • Innhald til nettstad

  • Struktur / strategi

  • Innhaldskalender for sosiale medium

  • Kampanjemateriell

  • Løpande publisering og oppfølging

  • Rådgjeving og planlegging

Døme på leveransar:

Treng de hjelp med innhald eller marknadsføring?
Ta kontakt for ein uforpliktande prat.

TELEFON: 90979714
E-POST: post@nicokarlsen.no


Eit sterkare visuelt uttrykk

Sterke bilete kan vere forskjellen på å bli oversett eller lagt merke til. Når uttrykket er gjennomført og bileta speglar kvaliteten i det de faktisk leverer, styrkar det både merkevara, tilliten og synlegheita dykkar. Eg hjelper bedrifter med å få bilete som ikkje berre ser bra ut, men som faktisk løftar korleis dei blir oppfatta.

Foto frå tannklinikk i Sykkylven der tannhelsepersonell behandlar pasient. Visuelt innhald for lokal bedrift.
Produkt- og stemningsfoto av smykke for lokal bedrift. Detaljbilete brukt i marknadsføring og sosiale medium.
Foto for Bil-Spesialisten i Sykkylven med tilsett på dekkhotell. Innhald til Facebook og Instagram.

Fang merksemda

Vil de nå betre ut med bodskapen dykkar, skape meir engasjement og byggje ei sterkare merkevare? Reels og video gir dykk høve til å vise fram både menneska, arbeidet og historia bak bedrifta på ein måte som fangar merksemda. Eg produserer videoinnhald som ser bra ut, kjennest ekte og er laga for å fungere der publikum faktisk er.


Ein ekstern ressurs som får ting gjort

Mange bedrifter har mykje å formidle, men for lite tid til å få det ut. Eg hjelper til med idéar, innhald og gjennomføring, slik at marknadsarbeidet ikkje stoppar opp. Her ser du døme på innhald laga for kundar eg har jobba tett med over tid.

Visuelt innhald for smykkebutikk med produktfoto, bunadstilbehøyr og bilete til sosiale medium. Portrettbilder, miljøbilder, bedriftsbilde
Kollasj med foto, portrett og innhald produsert for lokale bedrifter på Sunnmøre. miljøbilde, reels

Slik jobbar eg

Eg legg vekt på enkle prosessar, tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid undervegs. Målet er å gjere det lett for dykk å få fram det de ønskjer å vise — på ein måte som fungerer i praksis.

01. Vi startar med ein prat

Først snakkar vi saman om behova dykkar, kva de ønskjer å oppnå, og kva som passar best for bedrifta dykkar.

02. Eg lagar eit opplegg

Basert på det vi kjem fram til, set eg opp eit tydeleg forslag til innhald, produksjon og vidare samarbeid.

03. Produksjon og gjennomføring

Eg gjennomfører foto, video, innhald eller marknadsarbeid på ein effektiv og ryddig måte — tilpassa det vi har avtalt.

04. Levering og tilpassing

De får ferdig materiell som kan takast i bruk der de treng det, anten det er på nettstad, i sosiale medium eller i kampanjar.

05. Vidare oppfølging
ved behov

For nokre er det nok med eit enkeltoppdrag. For andre gir det mest verdi å jobbe meir jamt over tid. Eg tilpassar samarbeidet etter behovet dykkar.