SAMARBEIDSPARTNARAR
⬇
Karoline Tynes er ein viktig samarbeidspartnar!
I prosjekt der innhald, visuell identitet og marknadsføring må spele godt saman.
Saman har vi faste kundar og løpande
avtalar på innhaldsproduksjon, med faste produksjonsdagar kvar månad og eit tett samarbeid frå planlegging til ferdig leveranse.
Gjennom Karo & Co jobbar Karoline med design, merkevarebygging og marknadsføring, og bidreg med eit
tydeleg visuelt og strategisk blikk inn i prosjekta.
Vi har kontor saman på Næringsfabrikken.
Nordisk Webbyrå er ein viktig samarbeidspartnar i prosjekt der det er behov for både digitale løysingar, tydeleg visuell retning og godt innhald. Saman jobbar vi for å skape heilskaplege leveransar, der nettside, innhald og marknadsføring heng naturleg saman frå idé til ferdig resultat.
Gjennom dette samarbeidet kan kundane få ei meir samordna løysing, der teknisk utvikling, design og innhaldsproduksjon blir samla i same prosess. Nordisk Webbyrå spesialiserer seg på webutvikling, visuell identitet og marknadsføring for små og mellomstore bedrifter.