CASE: GULLNÅLASamarbeidet med Gullnåla har frå starten av hatt fokus på å byggje ei varm, truverdig og visuelt heilskapleg tilstedeværelse i sosiale medium. Gjennom jamleg innhaldsproduksjon har målet vore å løfte fram både produkta, handverket og det personlege uttrykket i butikken. Med foto, video og innhald til digitale flater har vi arbeidd for å synleggjere nyheiter, skape inspirasjon og gi følgjarane eit nærare innblikk i kvardagen hjå Gullnåla. Innhaldet kombinerer produkt, stemning og prosess – og er med på å vise fram både butikken, bunad, saum og detaljane som ligg bak arbeidet. Over tid har vi utvikla ein tydeleg bildestil og ei form som gir ei gjenkjenneleg og gjennomført merkevare i sosiale medium.
Leveranse
Fast samarbeid på innhaldsproduksjon frå oppstarten av butikken
Månadlege produksjonsdagar med foto og video
Produksjon av innhald knytt til nyheiter, produkt og sesongvarer
Behind the scenes-innhald frå butikk, bunad, saum og arbeidskvardag
Utvikling av ein tydeleg og gjenkjenneleg bildestil
Løpande publisering, innhaldsplanlegging, førehandspublisering og analyse/evaluering.
Gjennomført i samarbeid med Karoline Tynes