CASE: 3D KNITTING & TECHNOLOGY

I samarbeid med 3D Knitting & Technology har eg produsert visuelt innhald som løftar fram teknologien, produkta og moglegheitene innan moderne tekstilproduksjon.

Gjennom film og foto har målet vore å formidle korleis innovativ strikketeknologi opnar for nye måtar å utvikle og produsere tekstilar på. Med fokus på detaljar, produksjonsprosessar og ferdige produkt har vi skapt eit visuelt uttrykk som gjer teknologien meir tilgjengeleg og viser fram kompetansen bak verksemda.

Innhaldet er utvikla for å styrke den visuelle profilen til 3D Knitting & Technology og gi dei materiale som kan nyttast på tvers av nettside, sosiale medium og andre digitale flater.

Leveranse

  • Konseptutvikling og planlegging av filmproduksjon

  • Produksjon av hovudfilm (hero-film) som presenterer verksemda og teknologien

  • Produksjon av to kortfilmar (reels) til digitale flater

  • Foto og stillbilete til digital bruk

  • Filmopptak, klipp, fargekorrigering og etterarbeid

Eit visuelt innhaldsprosjekt med fokus på teknologi, innovasjon og moderne tekstilproduksjon.

INFORMAJSONSFILM

REEL 1

REEL 2

Previous
Previous

Opplæringskontoret for Møbel, Tre og Mekanisk Industri

Next
Next

SYKKYLVEN BRANNKASSE