CASE: Opplæringskontoret for Møbel, Tre og Mekanisk Industri

For Opplæringskontoret i Sykkylven produserer vi ein serie på 12 filmar + to litt lengre(dokumentar) som skal gi eit nært og truverdig innblikk i lærlingløpet. Målet er å vise korleis det er å vere lærling, kva moglegheiter som finst i medlemsbedriftene, og kvifor ei yrkesfagleg retning kan vere eit sterkt val for mange unge.

Gjennom regi, filming og klipping arbeider vi tett med Opplæringskontoret for å skape filmar som kombinerer informasjon, inspirasjon og ekte historier frå arbeidslivet. Innhaldet løftar fram både lærlingane, faga, bedriftene og kvardagen dei er ein del av.

Filmane skal bidra til å gjere lærlingordninga meir synleg, meir forståeleg og meir relevant for ungdom, føresette og lokalt næringsliv.

Leveranse

• Produksjon av 12 + 2 filmar om lærlingløpet i Sykkylven

• Regi, planlegging, filming og klipping

• Tett samarbeid med Opplæringskontoret gjennom heile prosessen

• Filmproduksjon knytt til lærlingar, fagområde og medlemsbedrifter

• Synleggjering av kvardagen som lærling og moglegheitene i yrkesfaga

• Innhald som kan nyttast i sosiale medium, på nettside og i informasjonsarbeid

• Fokus på ekte historier, lokale bedrifter og praktisk arbeidsliv

Previous
Previous

GULLNÅLA